Han kom og gjekk II

(Ei hall i borga. Ei dør ut mot borgvernet og ein mørk himmel. På scena står borggfrua. Ho har ei kappe med pelskantar og ein svær fotsid stakk.)

Frua

Så kaldt. Det trekker. Vinden hyler utanfor.

I slik ei natt er alle vetter lause.

Og inkje vern mot vondskap finnast.

Der kjem einkvann... Så bleik han liknar skrømt.

Og jamvel ein eg burde kjenne.. Gloucester?

Gloucester

(Kommer inn fra brystvernet.)

Mi Frue. Vørdnad, pli og høvisk framferd

er alt som stoggar sverdet mitt og meg,

men inn, det må og skal eg. Gå til side

og freist meg ikkje til å nytta vald.

Frua

Men Gloucester, Kvi så arg og kvifor skulle

vel eg ha planar om å stogge Dykk?

Kom inn, la ikkje regn og nattevindar

få herje meir med Dykk, og vonde makter

forvirra sinnet Dykkar, arme mann!

Men sei meg fyrst, for gamal venskaps skuld,

ja meir enn venskap var det, har eg tenkt,

så sei meg difor kva De vil og ynskjer av meg.

Kvifor dette sinne, gamle ven?

Gloucester

Mi frue, korkje fagre ord om venskap

hell omsut for min kropp og usle sjel

kan få meg til å gløyme kva eg såg.

Når vinden reiv eit hol i skya nyss

og månen slapp ei einsleg stråle inn

Frua

De såg? Kva har De sett som skulle gjeva

eit grann av rettferd til slikt raseri?

Gloucester

No trekk eg sverdet, flytt deg! Slik, ja.

Eg såg, De spyrjer kva slags syn eg såg?

Worcester såg eg, klart som midt på dagen.

Eg veit, De gøymer han ein stad her inne.

Sjå der, bak gobelenget står han ikkje.

Og ikkje er han under senga heller.

Kor er han løynt? Men sjå! Ein fot for mykje!

Der sit han under stakken Dykkar, kreket!

Kom ut! Din feige fark! Og ikkje gøym

deg mellom kvinnelår. Så høyr. Kom ut.

Du vil slett ikkje? Nei? No er du daud!

(Stikk sverdet ned mellom beina hennar. Ein mann ramlar ut.)

Frua

De trudde det var Worcester? Worcester her?

Det var vel skam om eg sku' løyne honom.

Men den som du har myrda det er Towcester.

Gloucester

Kva er det her? Og kvifor ligg han der?

D'er Towcester berre. Eg tok altså feil.

Men kvifor? Kvifor stogga De meg ikkje?

Frua

Av di det huga meg. Han vert kje sakna.

Gloucester

Så falskt eit spel! Eg kan knapt tru på det.

De slakta han! Og eg var kniven Dykkar.

Frua

Ein nyttar redskapen som høver best.

Gloucester

Så ærelaust kan berre kvinner handle.

Nei, eg må burt, eg held det ikkje ut.

Eg går på sjøen. Kan kje leva med det.

Frua

Ja berre flykt, min ven og gå på sjøen.

Om Gloucester flyr til verdas ytste ende

så slepp han jamvel aldri frå seg sjølv .

(Slutt)


Storkleva 20. november 2013 Tord Akerbæk